Hilgrimsta

Del 9

Tarantell-del 3

Tilstades: Burdnakh og Oskar

Det heile startar med at vi får sjå korleis ein gjeng kjeltringar får utdelt ei skisse av ein raud drakefødd – litt etter ser vi det same biletet bli overlevert til ein offiser i vaktstyrka i byen.

Etter alt som skjedde med Stinky Pete og resten av den tvilsame baren, kom gruppa seg att ende til den vestre delen av byen. Dei bestemte å splitte seg, for å tiltrekkje seg mindre merksemd. Oskar og Burdnakh er éi delgruppe og sit nede i baren. Dei er obs på det som skjer rundt seg. Ein person kjem inn i vertshuset, ser dei to, og går like ut igjen. Oskar legg merke til det og han og Burdnakh gjeng ut bakdøra. Ein soldat får auge på dei i det han kjem ut av brakka si og ryggar diskre inn igjen. Eventyrarane bestemmer seg for å smyge seg unda mellom husa, og merkar fort at det er mykje folk i sving rundt om kring. Dei vert fort omringa av fleire soldatar og vel og bli med dei utan vanskar.
Dei møter ein offiser med namn Alvida Derah, ein alv. Ho vil vite kva som skjedde i baren aust i byen. Oskar og Burdnakh vel å fortelje alt og ho vert imponert over at dei har teke ut ein høgtståande mann i tyve-lauget, Stinky Pete. Ho vil ha slike krigarar dei med i krigen nordpå og gir dei ordre om å bli med neste rekruttpulje dagen etter. Oskar overtalar henne til å la vere å gje dei det magiske merket, men heller sende med dei eit dokument. I tillegg får han henne til å sendesende melding til Vivalti, Glanvar og Enna(når ho måtte kome) om at dei er på veg nordover – saman med eit liknande dokument O og B har fått.
Oskar spør ho ut om ringen, og ho kjenner til merket – ho har eit liknande, berre ein gyllen drake i staden for ein svart. I tillegg får O vite litt om kniven han har på seg.

O og B startar på turen nordover med ein gjeng (veldig) grøne rekruttar, og ein uerfaren kaptein. Dei kjem ikkje langt – for eit stykke over den utruleg lange brua vert dei overfalt av ei (kjempe)stor gruppe orkar, to store og to “vanlege”. Dei sistnemde var sjamanar av eit slag. Denne kampen vart skjebnesvanger for den tapre kapteinen, som overlevde opp til fleire runder(!) og ein av rekruttane som ikkje let seg skrema. B gjorde seg sjølv svært hurtig. Oskar forsøkte å skubbe ein av orkane over rekkverket, men fekk ikkje det til. B kjølte ned orkane fleire gongar og redda med det skinnet til dei andre rekruttane som sprang av gårde. B starta på retretten saman med O, då dei forstod at dette var håplaust. O var på nippet til å kaste seg sjølv i elva som einaste redningsveg, då han ikkje var rask nok til å stikke av – men det skjedde noko spesielt med dolken hans, og han prøvde å true orkane tilbake. Det gjekk ikkje.
Burdnakh kom på å skulle bere Oskar og springe tilbake mot byen. Og med alt hell gjekk det akkurat. Orkane trekte seg tilbake då dei var komne for nær byen.

Comments

PanserElg

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.