Hilgrimsta

Del 7

Tarantell-del 1

Vivalti og Enna er på god veg til storbyen Tarantell. Dei skil lag eit stykke unda. Szargholatt og Oskar når igjen Vivalti(etter å ha funne ein lapp i Klingby) like før han er framme ved bymuren.
Dei må stille seg i kø for å kome inn – militæret rekruterar nye medlammar og saumfarar alle tilreisande. Dei får vite at det er uro i nord, at eit kongerike truar med krig. Framom i køa er eit bondepar som begge blir tvungne til teneste, sjølv om dei har barn heime på garden sin. Vivalti har gjort dette før og manar fram merke på både seg sjølv og dei to følgjesveinane. Dei får utdelt brakkenummer – då dei mangla det frå før.
Etter å ha kome inn i byen, finn dei seg eit vertshus. Oskar snakkar med nokre dvergar frå Malmir og er letta over å høyre at alt står bra til der.
Dei utforskar byen neste dag og deler seg. Oskar spør ein forhandlar om ringen har har med seg, utan hell. Szargholatt ser seg om etter arbeid for gjenge, og får eit tilbod frå ein forhandlar om nokre soppar som må plukkast. Vivalti vil prøve å finne ein måte å fjerne merket til Enna på. Dei vil gå til den lumske delen av byen og forhøyre seg. Vivalti er forkledd som ein annan. Dei tre finn ein brun bar med tvilsame typar i. Oskar ventar utanfor, og Vivalti + Szargholatt let som dei ikkje kjenner kvarandre då dei går inn. Szargholatt og Vivalti snakkar med bartenderen kvar sin gong. Vivalti finn ut at der finnst ein måte å fjerne merket på, og blir sendt til ein plass. Szargholatt spør etter arbeid men må vise seg verdig fyrst – han må følgje etter ein tilfeldig person (Vivalti) og drepe han. Vivalti dreg av gårde, Szargholatt Burdnak følgjande etter. Oskar får teikn om å ikkje kome etter dei med ein gong.

Comments

PanserElg

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.