Hilgrimsta

Del 8

Tarantell del 2

Tilstades: Glanvar, Vivalti, Burdnakh og Oskar (NPC-modus)

Vivalti går ut av baren og byrjar å gå mot staden han blei sendt av barmannen. Burdnakh tek han att når han er komen rundt hushjørnet (for å ikkje bli sett av dei inne i baren), og Oskar, som aldri gjekk inn, slår straks følgje, han også. Dei utvekslar kva som blei sagt inne i baren. Barmannen hadde snakka på alltungemålet til Vivalti og på dragemålet til Burdnakh. Han hadde ein mistanke om at V. hadde mykje pengar på seg (han hadde trass alt sagt seg villeg til å betale den oppgjevne prisen på 10 gp for å få fjerna ei tatovering), og hadde difor gitt B. i oppgåve å knerte førstnemnde og kome attende med pengane.

Dei bestemmer seg for å halde fram med dobbeltspelet, og late som om B. faktisk gjennomfører jobben. Han får 10 gp av V. som han skal gå attende til baren med, men dei vil bruke realistisk med tid på “jobben”, så dei går først til staden V. hadde fått skildra. Dei finn staden, som ligg i eit smug borte ved bymuren på austsida av byen, nokre kvartal unna. Vivalti kler seg ut som barmannen, og går inn i smuget. Oskar held vakt på gata ved bymuren, og Burdnakh snik seg etter Vivalti, men passar på å halde god nok avstand til å kun halde eit auge med situasjonen utan å bli oppdaga av eventuelle personar V. treff på.

Inne i smuget, rundt eit hjørne, står det to menn utanfor ei dør og driv dank. Dei dreg kjensel på han dei trur er arbeidsgjevaren deira. Vivalti spelar rolla si godt, og prøver å lure informasjon ut av dei om kva slags bedrift dei har med å gjere. Han endar opp med å gi begge to sparken, noko dei ikkje forstår seg på. V. held maska og går derifrå.

Samstundes kjem Glanvar køyrande med eselvogna si, og stoppar utanfor baren. Han går inn og forhandlar med barmannen, som heiter Stinky Pete, om drikkevarene han har på vogna. Han går ut att, og på gata ser han tre personar kome gåande: ein dverg, ein dragefødd og Stinky Pete sjølv. Han forstår no ingenting, og det tek ein del overbevising frå Vivalti og dei to andre før han, i alle fall halvvegs, godtek at det er noko kjent ved denne nye Stinky Pete-n. Gruppa forklarer kva som no er planen: Burdnakh skal gå inn til Stinky Pete og levere pengane, men ikkje før Vivalti har klart å snike seg inn bakvegen i huset og er klar til å hjelpe om noko skulle gå gale. Oskar og Glanvar skal stå klare utanfor hovudinngangen.

Vivalti finn eit smug og viser sine ninjakunstar ved å hoppe baklengs salto (eller noko slikt) opp til eit vindauge i andre etasje. Han er i eit finare soverom/kontor, og ser ein pult med skrivesaker, litt stæsj på veggane og ei stor seng. Han er framleis “Stinky Pete”, og går ut i gangen og finn straks ei trapp som går ned til kjøkenet bak baren.

Etter nokre minutt går Burdnakh inn og finn Stinky Pete i baren. Når han legg 10 gp på disken spør straks SP om kvar resten av pengane er. Burdnakh hadde ikkje tenkt så langt, og byrjer å improvisere. Han spelar tøff, og seier at det var slett ikkje ein så lett jobb som det blei førespegla. I smuget der han tok att offeret hadde det vore to andre menn som hadde blanda seg, og B. hadde blitt nøydd til å drepe alle tre. SP er overraska og tydeleg irritert når han høyrer dette, og seier at det var hans menn, og at det var slett ikkje nødvendig å drepe dei. B. står på sitt, men brått høyrer dei stemma til ein av dei to karane i smuget (Vivalti som imiterer stemma) frå kjøkenet. Det tek ikkje mange sekunda før SP forstår at noko ikkje er som det skal, og han ropar til to som sit ved eit bord om å drepe den dragefødde.

B. ryggar bort frå baren mot døra og pustar flammar mot dei to. Vivalti kjem ut frå kjøkenet og tek opp kampen med Stinky Pete. Oskar og Glanvar kjem springande inn, men ikkje før Burdnakh er blitt hardt såra av motangrepet og blir liggjande. Glanvar er stadig forvirra over at Stinky Pete er i kamp med seg sjølv bak baren. Ting betrar seg snart, og dei to hjelparane vert straks overmanna, men SP stikk seg ut på kjøkenet, og dei høyrer ein lem verte opna og lukka. B. kjem til seg sjølv att i tide til å bli med Vivalti og Oskar for å finne ut kvar SP har stukke av. Glanvar bestemmer seg for å sløkke flammar og rydde opp etter kampen for å ikkje tiltrekke seg merksemd frå gata.

Dei tre andre finn straks ein kjellarlem som fører ned i ein mørk tunnel. Trass mørkret spring Burdnakh først og ser snart SP eit stykke framføre seg springe med ein fakkel og rope etter hjelp. B. skyt flammekuler etter han og treff med ei og anna. SP blir meir sårbar i det han kjem til ein stad med vatn der han må hoppe frå stein til stein for å kome seg over.

Det tek ikkje veldig lang tid før V. og B. høyrer rasling av våpen og rustning og rop frå det som må vere SP sine menn lengre inne i mørkret. B. er oppsett på å bli kvitt vitner, og dermed at SP må døy, men etter kort tid må dei byrje å dukke unna piler frå banden på andre sida av vatnet. Dei høyrer stadig fleire menn kome springande, og forstår at dei straks må stikke av for å kunne overleve. Med nokre lukketreff går endeleg SP i bakken (etter å ha tåla frykteleg mykje), men ein av karane hans hoppar over på steinen der han ligg og får stabilisert han. Vivalti snur seg og spring, men Burdnakh får ein siste ide: han skyt eit knippe magiske prosjektil på den skadde mannen, og høyrer sinte rop frå fienden i det han forstår at han har lukkast i å knerte leiaren deira.

På nokre få minutt rekk gruppa å kome seg ut ifrå baren. Vivalti, Oskar og Glanvar tek med seg det dei kunne bere frå baren og dei to drepne folka i hovudetasjen. Burdnakh brukar magisk fart for å springe opp i overetasjen for å sjekke ut rommet Vivalti hadde fortalt om. Han plukkar med seg tinga frå veggane, litt frå nattbordet og papir og bøker frå skrivepulten før han hoppar ut vindauget og møter dei andre på gata. Dei kjem seg alle unna og attende til vertshuset.

(WOW, det blei eit sjukt langt referat)

Comments

Limbolama

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.