Hilgrimsta

Del 4

Etter ein heidundranes fest den føregåande natta, vaknar Vivalti opp i baren med noko bakrus. I enden av bardisken ligg ordføraren å søv. Burdnakh kjem ned frå soverommet etter litt. Etter litt oppkvikkande høgg og godt inne i frukosten brasar det ein dverg med namn Oskar(Eivind) inn i baren. Han er svært trugande mot Burdnakh og vil ha han til å svare for noko som har blitt gjort. Oskar spør blant anna om nokon av dei kjenner til ei gruppe magikarar med svarte kapper som han har jakta på det siste året. Han viser i tillegg fram ein grøn jadering med ein svart drake på, men det ringer ei bjelle verken hjå Vivalti eller Burdnakh. Vivalti får overtalt Berg om å setje drikken og maten på reikninga til den andre musikanten. Ordføraren kjenner igjen merket på ringen men er for fyllesjuk til å kome på noko, og går difor å legg seg.
Ute på gata kjem Burdnakh i snakk med den lokale trollmannen, som seier at alle urteleveransane hans har forsvunne på vegen opp til Silvernman Hafi 1. Vivalti og Burdnakh finn ut at dei vil etterforske saka og når så vidt tak i lagerarbeidaren Bjørn som er på veg ut av gruvebyen med malm. Han vil gjerne ha med seg livvakter på turen. I mangel på fleire leietrådar i si eiga leiting ber Oskar om å få bli med.
Følgjet kjem etter kvart til ein leirplass med eit brennande bål men ingen folk. Burdnakh oppdagar ein bogespiss som stikk opp frå ei busk. Etter å ha påpeikt dette for resten spør ei stemme kva dei gjer her. Det er druidealven Aranis Eryn. Han let gruppa få sitje ned å lage mat, og kjem også sjølv og slår seg ned. Han fortel at han leitar etter teikn på ei mørk kraft som har kome fram i skogane den siste tida. Oskar spør han ut om kappekledde folk og prøver å kaste til han ringen, men Aranis fomlar fêlt og ringen forsvinn i graset. Alle er med å leitar, den eine dårligare enn den førre, før Vivalti får nok og går bort å plukkar opp ringen. Med mistanke om ein samanheng mellom leveranseforsvinningane og den vondskapen som har dukka opp, blir Aranis med vidare. Burdnakh kjem på ein plan for å lokke til seg eventuelle overfallsmenn, og alle bidreg på sin måte for gjennomføringa.
Vidare på veg til Klingby, blir dei til slutt angripne av ein gjeng med goblinar. Den årvakne Aranis oppdagar nokre goblinar i eit tre, og får angripe fyrst. Etter dette går alle inn i kamp. Både Bjørn og Oskar vert råka av piler, og Bjørn segnar om. Aramis, Vivalti og Burdnakh drep resten av vettane i trea, medan Oskar hoppar ned frå vogna og rustar seg for nærkamp. Allereie skada går Oskar i bakken etter at to goblinar går til åtak på han med sverd(?). Aranis hiv seg rundt og helbredar dvergen til fullt liv igjen. Med fullt liv igjen og oppmuntrande ord frå Vivalti (“Kom igjen no, ikkje ver ei pyse!”), bankar Oskar sund den eina av dei to goblinane. Burdnakh skyt også ned ein fasan.
Brått dukkar tidenes deiligaste dame(menneske) opp og angrip Aranis frå sida, og skadar han valdsamt. I tillegg kjem det ein stor og fryktelig stygg goblinkaptein som stikk etter Vivalti og høgg etter Oskar. Deretter skjedde mykje på ein gong. Bjørn vaknar opp og slyng ein stein i hovudet på dama, som Burdnakh også set fyr på og Aranis prøvar å forgifte, Vivalti fortel ein genial vits til den store goblinen som brest ut i latter på bakken, noko som opnar for at Oskar og Burdnakh kan gjere ende på den siste vanlege goblinen.
Etter dette spring dama av gårde inn i skogen, Aranis skyt etter men bommar. Burdnakh derimot tek henne igjen og drep henne i flukta. Med goblinkapteinen ute av stand til å gjere noko får Oskar inn to treff som er nok til å få han i bakken.
Gruppa samlar inn verdisaker frå lika; noko gull som dei fordeler mellom seg, ei ringbrynje, og våpena til fienden. Blir lagt i vogna. Bjørn tek ein boge, eit skjold og nokre piler.

Aranis Eryn
Oskar Quartz
Szargholatt Burdnakh (Ole Mathis)
Vivalti (Nikolai)

Comments

PanserElg

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.