Hilgrimsta

Del 3

Tidleg på morgonen neste dag står Enna opp og møter Skarsnikk som er på veg ut i skogen for å jakte. Ho ber verten i vertshuset, ein stor mann ved namn Berg, om å seie ifrå til Burdnakh at han må leggje att beskjed om han reiser frå landsbyen.

Nokre timar etter kjem Burdnakh ned frå rommet sitt og bestiller frukost, og han får beskjeden. På det eine bordet ligg det ein dverg og søv ut rusen, og ved det andre sit trubaduren Vivalti, som underheldt i baren i natt. Burdnakh set seg ved det bordet, og kjem i snakk med Vivalti, som er nokså bakfull, og som aldri har sett nokon som Burdnakh før. Han bestiller noko for å kvikne til i baren, og får servert eit ufyseleg brygg som inneheld høgg og ymse hemmelege indigriensar. Etter å ha sett korleis Vivalti først spyr etter første slurk, og så kviknar til ved den neste, så kjøper Burdnakh ei perle med høgg frå Berg til å ha i urtepungen sin.

Ordføraren sender bod etter Burdnakh, og gir han jobben med å spore opp ei handelsvogn med ein alv og ein dverg som skulle vore der for nokre dagar sidan. Det høyrest ut som dei same som Enna sat på med tidlegare. Burdnakh får med seg Vivalti på oppgåva, og legg i veg sørover.

Etter nokre timar kjem dei til ein klosterruin der dei høyrer stemmer. I eit forsøk på å snike seg nærmare, vert dei oppdaga, og ut kjem fire menn som krev betaling for ferdsel i “deira” skog: 10 gp per person. Ein femte mann prøver å snike seg rundt Burdnakh og Vivalti, men klarer ikkje å halde seg skjult.

Vivalti klarer å ordne 50% rabatt for seg ved å framføre ein song. Burdnakh tilbyr sine tenester i staden for å betale. Vivalti føreslår at Burdnakh kan hjelpe med å brygge godt alkohol, og bandittane går med på å la han få prøve. Ved å bruke urtekunnskapane sine klarer Burdnakh å mildne smaken på sterkølet som dei lagar, og bandittane er godt nøgde, sjølv om dei framleis krever noko betaling. Men ølsmaking og god underhaldning frå Vivalti gjer at alle dei fem vert skjenka så fulle at dei sovnar. Burdnakh og Vivalti tek alle våpena deira, i tillegg til pengane og andre verdisaker som ligg i ruinen, før Burdnakh tilset høgg i det gjenverande ølet og dei går derifrå.

I kveldinga kjem dei over ein ensam kobolt som prøver å lure dei til å tru at dei er omringa. Burdnakh finn ut at han lyg, og at han eigentleg har blitt forlatt av gruppa si. Han virkar ikkje interessert i noko hjelp, så dei forlet han der og går vidare.

Neste dag finn dei dvergen og alven med den sakna vogna, som har fått øydelagt eine hjulet. Læreguten som sat på hadde visst forlate dei og gått vidare på eiga hand. Burdnakh og Vivalti hjelper til med å reparere vogna, og sit på nord att til Silvern man Hafi 1. Ordføraren, Fleir, betalar dei begge for jobben, og gir dei i oppdrag å reise til klosteret att for å arrestere bandittane. Burdnakh sel unna mesteparten av det han tok frå bandittane før han går til vertshuset for kvelden. Der er Vivalti godt i gong med “trubadurbattle” mot ein meir erfaren trubadur. Han klarer nesten å vinne, men blir slått til slutt. Kvelden vert avslutta(og natta innleia) med at dei to jammar ilag, og dei held det gåande utover natta til stor jubel frå landsbyfolket som er i baren.

(Szargholatt) Burdnakh
Vivalti (Nikolai)

Comments

Limbolama

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.