Hilgrimsta

Del 2

I Klingby får Enna skyss med ein dverg og ein alv som reiser nordover mot gruvelandsbyen Silvern man Hafi 1 med hest og kjerre. Omlag halvvegs høyrer dei lydar litt lengre framme på vegen. Det viser seg å vere ein middelaldrande mann og ein gut som er i kamp med ein stor bjørn. Før Enna når fram til dei kjem det ein flamme skytande frå skogen på motsett side av vegen. Den treff bjørnen, og skadar han stygt. I raseri slår han omkring seg og flenger opp ryggen til guten før han legg i veg mot der flammen kom frå. Enna skyt bjørnen, som brøler og dett saman.

Ho finn han liggande over ein dragefødd som ser alvorleg skada ut. Den dragefødde presenterer seg som Szargholatt Burdnakh etter at ho har hjelpt han opp. Mannen, Skarsnikk, fortel at bjørnen hadde kome seg laus frå fella på grunn av den ubrukelege læreguten, og takkar Enna og Burdnakh for hjelpa. Guten, som er stygt skadd, får sparken som læregut, og sit på med vogna vidare, medan Enna blir att med Skarsnikk og Burdnakh, og dei flår bjørnen og tok noko av kjøtet som mat.

Dei tre går deretter nordover. Skarsnikk viser vegen, men gjer ein dårleg jobb, så det tek lengre tid enn det skulle å kome seg til Silvern man Hafi 1. Ei natt vert leiren deira angripen av to ulvar, som følgjet tek livet av. Skarsnikk flår dei, og har dermed tre pelsar, og er godt nøgd.

Omsider kjem dei fram. Skarsnikk lovar å gi delar av inntekta frå pelsane som takk for hjelpa(Burdnakh takkar nei, og seier dei to kan dele), men stikk til skogs medan Enna og Burdnakh hjelper Bjørn med å lesse varer i lagerhuset.

Før dei tek kvelden snakkar dei med ordføraren, og får vite at ei av gruvene er stengd på grunn av det som mest truleg er store edderkoppar. Ingen som har gått inn der har kome attende. Det vert lova ei god betaling til den som kan ordne opp, men Burdnakh og Enna vel å utsette det etter å ha vurdert sine noverande evner i strid.

(Szargholatt) Burdnakh
Kristina (fyll inn namn)

Comments

Limbolama

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.